Aktuelle utstillingar

«Musea dansar» til Voss

I 2019 går startskotet for «Museene danser Norge» – ei treårig vandreutstilling som skal innom åtte museum i heile Noreg. Fyrste stoppestad vert Voss folkemuseum, med opning under Vossajazz, fredag 12. april!

Innhaldet i vandreutstillinga vert høgdepunkt frå dei tre utstillingane «Dans i Norge» frå Ringve Musikkmuseum, «Livets dans» frå Sverresborg Trøndelag Folkemuseum og «Dains me mæ» frå Rockheim. Dei mest mobile og nasjonalt interessante elementa vert med, og dette er ei utstilling som inviterer publikum til å prøva seg sjølve. Utstillinga vert – alt frå passinho frå Brasil til strekkbuksepolka frå Norge blir presentert. I tillegg vert det spedd på med lokalt arkiv- og dansemateriale frå dansemiljø på Voss.

I tunet kan du sjå ei mindre utstilling om tun på Voss og livet på Mølster.

Her finn du Adolph Tidemand sine teikningar frå stover på Mølster, i tillegg til teikningar av andre tun som ein gong stod på Voss – teikna av arkitekt Arne Berg. Ein komplett modell av Mølster, laga av vossaspeidarar i 1925, er også utstilt her. I ei av buene syner me eit stort tal vossakjenger, der variasjonen i størrelse og dekor er stor. Felles for dei alle er likevel dei karakteristiske handtaka, utforma som hestehovud. Den eldste kjenga me har er datert 1571.

Kontakt

Mølstervegen 143, 5705 Voss
Tlf: 474 79 794

voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Voss folkemuseum
Opningstider
September–mai:
Mån–fredag kl 10–15 + sundag kl 12–15

Juni–august:
Kl 10-17, alle dagar
X