Kultur og handtverk på Mølstertunet

Mølstertunet

Mølstertunet ligg høgt og fritt  med fin utsikt over Vossevangen.
Det er eit vakkert gardstun med 16 små og store bygningar. Husa står
der dei ein gong vart sette, ingen ting er flytta til eller frå.
Dette gjev eit ekte bilete av byggeskikk og levemåte i eldre tid.

Garden er gamal, truleg frå før vikingtida. Me veit ikkje kva tid garden fyrst vart delt, men i 1521 var det to brukarar på Mølster. Husa deira er samla i eit rekkjetun, ein tunskipnad som var vanleg i vossebygdene. Her hadde brukarane kvar sine stovehus, eldhus, loft, buer, fjøs, løer og vedhus. Eine bruket hadde òg ei kårestove.

På det meste har det budd om lag 30 personar her. Dei to familiane flytte ut i 1927, ti år etter at Voss folkemuseum var skipa

 

Next

Kontakt

Mølstervegen 143, 5705 Voss
Tlf: 474 79 794

voss.folkemuseum@hvm.museum.no

Nyhendebrev
Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Voss folkemuseum
Opningstider
September–mai:
Mån–fredag kl 10–15 + sundag kl 12–15

Juni–august:
Kl 10-17, alle dagar
X